Privatskolelova
§ 2-3 Krav til innhald i opplæringa
Skolen skal drive verksemda si etter læreplanar godkjende av departementet. Det må gå fram av planen kva slag vurderingsformer og dokumentasjon skolen skal nytte. Skolane skal anten følgje den læreplanen som gjeld for offentlege skolar, eller læreplanar som på annan måte sikrar elevane jamgod opplæring, jf. opplæringslova § 1-4. Elles har skolen sin undervisningsfridom. I samband med godkjenning fastset departementet kva for tilbod skolen kan gi, og maksimalt elevtal på det enkelte tilbodet. Departementet kan gi forskrift om krav til læreplanen.
Departementet kan gi forskrift om plikt til å delta i aktivitetar i grunnskolen som ikkje er opplæring i fag. Departementet kan gi forskrift om fritak frå opplæring i sidemålet for elevar som får særskilt språkopplæring, om godskriving av tidlegare gjennomgått vidaregåande opplæring eller praksis, og om fritak frå kroppsøving i den vidaregåande skolen.
I grunnskolen kan opp til ti prosent av timane i kvart fag flyttast til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege aktivitetar. Styret fastset fag- og timefordeling for det enkelte skoleåret der omdisponeringa av timer mellom fag kjem fram.
Endra ved lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 675), 8 juni 2018 nr. 27 (ikr. 1 aug 2018 iflg. res. 8 juni 2018 nr. 825), 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028).