Privatskolelova
§ 3-1 Inntak av elevar
Skolane skal ha heile landet som inntaksområde. Dei skal stå opne for alle som fyller vilkåra for inntak i offentlege skolar, jf. opplæringslova § 2-1 og § 5-1 første ledd. Dette gjeld også skolar i utlandet og internasjonale skolar i Noreg. Skolane kan reservere eit avgrensa tal på elevplassar til søkjarar som kjem etter hovudinntaket.
Dei vidaregåande skolane kan ta inn vaksne søkjarar som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 18-3 første ledd og § 18-4. Ved inntak til vidaregåande skolar skal ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 5-1 første ledd prioriterast før vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 18-3 første ledd og § 18-4. Skolar for funksjonshemma kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring. Heimfylket skal vurdere realkompetansen til ein vaksen søkjar før han eller ho kan takast inn som elev ved ein vidaregåande skole. Departementet kan gi forskrift om inntak til vidaregåande skolar. Forskrifta kan mellom anna innehalde reglar om krava til inntak og om unntak frå krava i andre og fjerde punktum.
Norske vidaregåande skolar i utlandet kan ikkje ta inn vaksne.
Skolane skal ha eit inntaksreglement som viser prioriteringa av søkjarar, dersom søkinga er større enn kapasiteten til skolen. Reglementet skal innehalde reglar for prioritering ut frå saklege omsyn. Inntaksreglementet skal liggje innanfor den avgrensinga som følgjer av første og andre ledd. Skolen avgjer i samsvar med reglementet kven av søkjarane som skal takast inn.
Melding om inntak av elevar i grunnskolar skal sendast til heimkommunen til eleven. Melding om inntak til vidaregåande skolar skal sendast til heimfylket til eleven. Skolen skal melde frå til heimfylket om behovet for læreplass når eleven er teken inn på vidaregåande trinn 2.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova. Avgjerd om inntak er enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2. Departementet er klageinstans.
Endra ved lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 660), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701), 26 mai 2020 nr. 51, 14 juni 2024 nr. 34 (i kraft 1 juli 2024 iflg. res. 14 juni 2024 nr. 954), 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028).