Privatskolelova
§ 3-11 a Rådgiving om sosiale og personlege forhold
Skolen skal sørgje for at elevar får den rådgivinga som dei treng om sosiale og personlege forhold som kan ha innverknad på korleis dei har det på skolen.
Elevane skal få rådgiving på den skolen dei går på, og individuelt dersom dei ønskjer det.
Tilføyd ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028).