Privatskolelova
§ 4-5 Fagleg ansvar for opplæringa og bruk av anna personale i opplæringa enn dei som er tilsett i lærarstilling
Berre dei som er tilsett i lærarstilling, kan ha fagleg ansvar for opplæringa.
Når anna personale hjelper til i opplæringa, skal skolen sørgje for at dei får nødvendig rettleiing av ein som er tilsett i lærarstilling.
Tilføyd ved lov 21 juni 2013 nr. 98 (ikr. 1 aug 2013 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 685), endra ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028, endring endra ved lov 14 juni 2024 nr. 36).