Privatskolelova
§ 5A-6 Elevane si plikt til å delta og skolens oppfølgingsplikt
Elevane skal vere aktivt med i opplæringa og følgje skolereglane. Skolen skal sørgje for at elevar med fråvær frå opplæringa blir følgde opp.
Elevane kan bli pålagde å gjere oppgåver utanom skoletida (lekser). Det må takast omsyn til at elevar har rett til kvile og fritid.
Tilføyd ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028).