Privatskolelova
§ 6-1 Statstilskot
Godkjende skolar får statstilskot til godkjend opplæring med 85 prosent av eit tilskotsgrunnlag per elev. Til grunn for tilskotsgrunnlaget ligg gjennomsnittlege driftsutgifter per elev i den offentlege skolen. Tilskotsgrunnlaget blir korrigert for utgifter som den offentlege skolen har, men som ikkje skal inngå i tilskotsgrunnlaget. Tilskotsgrunnlaget blir rekna ut særskilt for barnesteget, ungdomssteget og dei ulike utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring.
Grunnskolar får innarbeidd 100 prosent av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skolar i tilskotsgrunnlaget. Vidaregåande skolar får innarbeidd 85 prosent av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skolar i tilskotsgrunnlaget.
For grunnskolar skal det takast omsyn til skilnaden i utgifter mellom små og store skolar ved at det blir gitt ein høgare tilskotssats for elevar opp til eit fastsett elevtal (knekkpunktet).
Dei skolane som driv særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov, får likevel alle driftsutgifter dekte ved statstilskot etter ein normalsats per elev per skoleår.
Departementet kan gi forskrift om tilskotsordninga for dei skolane som driv særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov, om tilskotsordninga for grunnskolar og vidaregåande skolar, og om dokumentasjon for elevtal og rapportering av elevtal.
Endra ved lover 4 juli 2003 nr. 85 (ikr. 1 okt 2003), 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 675), 19 juni 2009 nr. 95 (ikr. 1 jan 2010), 14 juni 2024 nr. 34 (i kraft 1 juli 2024 iflg. res. 14 juni 2024 nr. 954).