Privatskolelova
§ 6-4 Statstilskot til kompletterande undervisning
Det kan givast tilskot til kompletterande undervisning til elevar som er i eit ordinært utdanningsløp ved ein grunnskole i utlandet. Tilskotet kan gis for
- norske statsborgarar og barn av norske statsborgarar
- EØS-borgarar og barn av EØS-borgarar som har rett til likebehandling med norske statsborgarar etter EØS-avtalen
- britiske statsborgarar og barn av britiske statsborgarar som har rett til likebehandling med norske statsborgarar etter lov om overgangsregler mv. ved Storbritannias uttreden fra Den europeiske union § 3.
Det kan ikkje givast tilskot til kompletterande undervisning for elevar ved skole som er godkjend etter lova her.
Tilføyd ved lov 4 juli 2003 nr. 85 (ikr. 1 okt 2003), endra ved lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701), 27 nov 2020 nr. 131 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 18 des 2020 nr. 2842).