Privatskolelova
§ 7-5 Opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta
Styret skal sørgje for at alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, er merksame på forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta. Styret skal sørgje for at dei som blir merksame på slike forhold, av eige tiltak gir sosialtenesta og eller helse- og omsorgstenesta alle relevante opplysningar som dei ikkje har plikt til å teie om.
Endra ved lover 11 juni 2021 nr. 78 (i kraft 1 aug 2022 iflg. res. 20 mai 2022 nr. 871), 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028).