Privatskolelova
§ 7-9 Behandling av personopplysningar og unntak frå teieplikt
Skolar kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova.
Ved skolebyte kan skolar hente inn dei personopplysningane frå andre skolar som er nødvendige for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring og retten til dokumentasjon av opplæringa.
Vidaregåande skolar kan hente inn dei personopplysningane frå grunnskolar som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak til vidaregåande opplæring og førebyggje fråvær frå opplæringa.
Ved skolebyte etter andre ledd og ved overgang til vidaregåande opplæring etter tredje ledd kan skolane også dele personopplysningar, å leggje til rette opplæringa til ein elev dersom eleven eller foreldra tillèt det.
Behandlinga av personopplysningar etter første til fjerde ledd kan også omfatte personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10.
Departementet kan gi forskrift om behandlinga av personopplysningar, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast og om kven, bruk av automatiserte avgjerder, og tilgang til, vidarebehandling og utlevering av personopplysningar.
Utlevering av opplysningar etter andre, tredje og fjerde ledd kan gjerast utan hinder av teieplikt.
Tilføyd ved lov 11 juni 2021 nr. 80 (ikr. 1 aug 2021 iflg. res. 11 juni 2021 nr. 1899), endra ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028).