Økonomiforskrift til privatskolelova
§ 3-1 Krav til bruken av innskotskapitalen
Innskotskapitalen etter privatskolelova § 2-2 andre ledd skal ikkje brukast før skolen har fått vedtak om godkjenning. Deretter kan innskotskapitalen brukast til å dekkje oppstartskostnader, jf. § 3-2.
Så lenge skolen er i drift, skal innskotskapitalen kome elevane til gode. Dersom skoledrifta blir lagt ned, skal innskotskapitalen disponerast i samsvar med § 9-2.
Endra ved forskrifter 3 des 2019 nr. 1642 (i kraft 1 jan 2020), 15 juni 2022 nr. 1024.