Økonomiforskrift til privatskolelova
§ 4-3 Tilskot til skolar som driv særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma
Skolane får tilskot etter ein av følgjande satsar:
- Sats for nokså ressurskrevjande elevar: Satsen blir brukt som grunnlag for tilskot til skolar som har elevar med nedsett funksjonsevne og lærevanskar. Den nedsette funksjonsevna og lærevanskane skal vere langvarige eller permanente.
- Sats for særleg ressurskrevjande elevar: Satsen blir brukt som grunnlag for tilskot til skolar som har elevar med sterkt nedsett funksjonsevne og omfattande lærevanskar. Den nedsette funksjonsevna og lærevanskane skal vere langvarige eller permanente. Elevane som blir omfatta av denne satsen må ha eit stort behov for oppfølging for å kunne meistre opplæringssituasjonen.
Kva for ein sats skolen skal ha tilskot etter, kjem fram i vedtaket om godkjenning etter privatskolelova.
Endra ved forskrifter 15 juni 2022 nr. 1024, 17 juni 2024 nr. 1048 (i kraft 1 aug 2024).