Økonomiforskrift til privatskolelova
§ 4-5 Unntak for udokumentert fråvær i vidaregåande opplæring
I særlege tilfelle kan Utdanningsdirektoratet gjere unntak frå § 4-2 tredje ledd.
I søknaden om unntak må skolen føre opp namnet til eleven, utdanningsprogram, prosentdel dersom eleven er deltidselev samt talet på dagar eleven ikkje har gyldig dokumentert fråvær. Skolen må òg beskrive årsaka til at fråværet ikkje er gyldig dokumentert, og kva som gjer at det ligg føre eit særleg tilfelle.