Økonomiforskrift til privatskolelova
§ 4-8 Utbetaling av statstilskot
Statstilskot blir utbetalt på grunnlag av innmeld prognose fram til rapportering av tilskotsberettiga elevtal ligg føre, jf. § 4-6 og § 4-7.
Statstilskotet etter privatskolelova § 6-1 blir utbetalt månedleg. For haustsemesteret blir statstilskot utbetalt frå og med juli til og med desember. For vårsemesteret blir statstilskot utbetalt frå og med januar til og med juni.
For nye skolar blir tilskot utbetalt etter at kravet til driftsløyve i § 3-3 er oppfylt. Dersom dette kravet ikkje er oppfylt innan 15. juni det året skolen skal starte opp, vil tilskot bli utbetalt frå og med månaden etter kravet blir oppfylt.
Endra ved forskrifter 25 april 2022 nr. 604, 15 juni 2022 nr. 1024.