Økonomiforskrift til privatskolelova
§ 7-1 Tilleggsverksemd
Skolen kan, i tillegg til skoleverksemd, drive følgjande tilleggsverksemd:
- skolefritidsordning for elevar ved skolen og for eit mindretal som ikkje er elevar ved skolen
- internat for elevar ved skolen
- utleige av tenestebustader ved internatet for tilsette i skolen og utleige til andre i skoleferien
- tilrettelegging i samband med godkjende samarbeidsprosjekt med utanlandske skolar
- kantineverksemd som elevane eller skolen driv, og som gjeld for elevar ved skolen, samt utleige av lokale til slik verksemd
- utleige av spesialrom når romma ikkje er i bruk, og utleigeverksemda ikkje er til hinder for skoleverksemda
- utleige av skolelokala utanfor skoletida
- praksisopplæring i samband med lærarutdanninga
- lærebedrift for lærlingar i fag som er knytte til skoledrifta når dette er godkjent av fylkeskommunen
- deltaking i tiltak som er initierte av det offentlege samt statlege satsingar knytte til skoleverksemd
- administrasjon av skoleskyss for elevar ved skolen
- tilrettelegging for privatisteksamen i utlandet.
Skolen kan òg søke om å drive anna tilleggsverksemd etter § 2-2.