Økonomiforskrift til privatskolelova
§ 8-4 Særskilde fråsegner frå revisor
Revisor skal stadfeste elevtalet på skolen og samstundes kontrollere om elevtalet er gitt i samsvar med den dokumentasjonen som blir kravd etter § 4-1, § 4-2, § 4-6, § 4-7 og § 8-6. Stadfestinga av elevtalet skal gjerast ved særattestasjon og etter rutinar utarbeidde av Utdanningsdirektoratet.
Revisor skal sende revisor sitt brev med påpeikingar frå rekneskapsrevisjonen til Utdanningsdirektoratet samstundes med at brevet blir sendt til skolen.
Dersom revisor seier frå seg revisjonsoppdraget for ein friskole som følgje av at revisoren har avdekt vesentlege brot på lov og forskrifter, jf. revisorloven § 7-1, skal revisor utan ugrunna opphald varsle Utdanningsdirektoratet. Det skal grunngjevast kvifor revisor seier frå seg oppdraget.
Utdanningsdirektoratet kan også krevje andre stadfestingar eller opplysningar frå revisor enn dei som er nemnde i denne paragrafen.
Endra ved forskrift 11 des 2020 nr. 2746.