Svar på spørsmål om foreldrebetaling og refusjon av inntektstap
Utdanningsdirektoratet har svart Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på spørsmål om refusjon av inntektstapet for en privat barnehage når barnet går i en privat barnehage i en annen kommune enn bostedskommunen og bostedskommunen har fattet vedtak om reduksjon i foreldrebetalingen.
Vi viser til e-posten datert 21. desember 2016 frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. I eposten blir det vist til eit spørsmål frå ein kommune om forskrifta om foreldrebetaling. Spørsmålet gjeld refusjon av inntektstapet for ein privat barnehage når barnet går i ein privat barnehage i ein annan kommune enn bustadskommunen. Bustadskommunen har gjort vedtak om reduksjon i foreldrebetalinga.
Etter barnehagelova § 12 a skal kommunen tilby plass til barn med rettkomne krav som er busette i kommunen. Etter § 15 i lova kan det fastsetjast nærmare reglar for foreldrebetaling, og dei står i forskrifta om foreldrebetaling i barnehagar.
Forskrifta om tildeling av tilskot til private barnehagar regulerer det kommunale tilskotet som blir tildelt private barnehagar, og § 15 i forskrifta regulerer refusjonen mellom kommunar for dette tilskotet. Som de skriv, fell refusjon av foreldrebetalinga utanfor denne forskrifta.
Det er bustadskommunen som pliktar å tilby barnehageplass etter barnehagelova § 12 a, og i forlenginga av dette er det naturleg at det også er denne kommunen som skal tilby foreldra redusert foreldrebetaling. Dette blir understøtta av at det i kommunen sitt rammetilskot er rekna med at det er bustadskommunen som dekkjer barnehageplassen, og også redusert foreldrebetaling som følgje av moderasjonsordningar. Det må vere bustadskommunen som pliktar å tilby redusert foreldrebetaling etter forskrifta om foreldrebetaling i barnehagar § 3, også der barn går i barnehage i ein annan kommune.
I merknadene til § 3 står det:
Det er kommunen som barnehagemyndighet som har ansvaret for å oppfylle foreldrenes rett til reduksjon i foreldrebetalingen. Ordningen bør innrettes slik at foreldre med rett på reduksjon med barn i private barnehager skal slippe å først søke om reduksjon til kommunen, motta giro for full pris i barnehage og deretter få refundert reduksjonen fra kommunene. Kommunene må gi informasjon til de private barnehagene om hva de med rett på reduksjon skal betale slik at de private barnehagene i sin fakturering tar hensyn til en innvilget søknad om reduksjon. Kommunene må deretter refundere de private barnehagene for inntektstapet på samme måte som de gjør i dag.
Det er bustadskommunen som er ansvarleg for å gi foreldra reduksjon i foreldrebetalinga. Likevel regulerer ikkje forskrifta korleis refusjonen mellom kommunar skal vere i dei tilfella der vertskommunen betaler for reduksjonen i foreldrebetaling. Her bør kommunane finne rimelege løysingar i fellesskap.
Sjå også vårt svar til Fylkesmannen i Nordland.
Vår referanse: 2016/9245