Valfag på ungdomstrinnet Udir-7-2012
8. Tidleg start med valfag for 9. og 10. trinn
Dersom skoleeigaren ønskjer å starte med valfag på alle trinn samtidig, er det mogleg. Dette er mogleg ved at skoleeigaren tilbyr valfag til 9. trinn og 10. trinn som eit tillegg til det som følgjer av gjeldande fag- og timefordeling for desse trinna. Skoleeigaren står fritt til å tilby timar utover minstetimetalet i fag- og timefordelinga. Her er det ikkje nødvendig å søkje om forsøk.
Det andre alternativet er å søkje Utdanningsdirektoratet om forsøk etter opplæringslova § 1-4 Det er nødvendig å søkje dersom kommunen ønskjer å gjere avvik frå gjeldande fag- og timefordeling for 9. og 10. trinn, for å kunne følgje den nye fag- og timefordelinga og ta timar frå andre fag til valfaga.
Informasjon om korleis ein søkjer om forsøk, står i rundskriv Udir-3-2007 Forsøk etter opplæringsloven § 1-4 - delegasjon.
For at vi skal kunne godkjenne søknaden, må han innehalde
- protokoll frå drøftingar med lærarorganisasjonane på den enkelte skolen og frå lærarorganisasjonane på kommunenivå
- opplysningar om kva for skolar med kva for årstrinn som skal delta i forsøket
- informasjon om fag- og timefordelinga
- informasjon om korleis de tilpassar forsøket slik at inntaket til vidaregåande opplæring blir rettferdig
- grunngiving for forsøket
- informasjon om korleis de skal evaluere forsøket
Private skolar kan søkje om forsøk etter privatskolelova § 2-5. I ein slik søknad må skolen grunngi forsøket og leggje ved den fag- og timefordelinga det blir søkt om. Det er ein føresetnad at skolen følgjer dei offentlege læreplanane i valfaga med vurderingsordninga som følgjer av dei.