Avgjerder i skolespørsmål for barn under barnevernet si omsorg Udir-2-2016
4. Barnevernstenesta
4.1. Når har barnevernstenesta rett til å bestemme?
Når barnevernstenesta eller fylkesnemnda har gjort eit vedtak etter barnevernslova §§ 4-6 andre ledd, 4-8 eller 4-12.
4.2. Kva har barnevernstenesta rett til?
Barnevernstenesta har rett til å ta alle avgjerder som foreldra ikkje uttrykkjeleg har rett til å ta, og som barnet ikkje kan ta sjølv.
Dette gjeld mellom anna å
- samtykkje til sakkunnig vurdering, spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp (kapittel 5)
- be om tiltak som gjeld det psykososiale og fysiske skolemiljøet (kapittel 9a)
- søkje om ein annan offentleg skole enn nærskolen (§ 8-1)
- krevje teiknspråkopplæring (§ 2-6)
- krevje særskild språkopplæring, punktskrift og ASK (§§ 2-8, 2-14 og 2-16)
- velje skyss eller innlosjering (§ 7-1)
- samtykkje til delvis fritak frå opplæringsplikta (§ 7-1)
Lista er ikkje uttømmande.
I tillegg omfattar dette det som blir rekna som vanleg oppfølging av skolegangen, som foreldresamarbeid, deltaking i utval m.m.
4.3. Barnevernstenesta har ansvar for å følgje opp foreldra og involvere dei
Foreldra bør òg høyrast i skolesaker, sjølv om barnevernstenesta har avgjerdsmyndigheita. Særleg veg dette tungt i saker der omsorga snart skal tilbakeførast.
Oppfølgingsansvaret til barnevernstenesta overfor foreldra er regulert i barnevernslova § 4-16.
4.4. Barnevernsteneste, fosterforeldre eller institusjon?
Det mest føremålstenlege er at den kommunale barnevernstenesta delegerer avgjerdsmyndigheit til fosterheimen eller barnevernsinstitusjonen og informerer skolen om ansvarsfordelinga.