Opplæringsforskrifta
§ 4-3 Meir opplæring for elevar i fag som er gjennomført, men ikkje bestått
Elevar som ikkje har bestått eit fag og har rett til meir opplæring i faget etter § 5-2, må melde frå til fylkeskommunen dersom dei ønskjer meir opplæring i faget.
Fylkeskommunen skal fastsetje ein frist for når ein må melde seg til meir opplæring. Fristen må vere minst ei veke etter siste moglege sensur for standpunkt og ordinær eksamen i faget.