Opplæringsforskrifta
§ 4-7 Krav til søknader om inntak
Søkjarar til vidaregåande opplæring må bruke det søknadsskjemaet som er fastsett av fylkeskommunen.
Søkjarar til vidaregåande trinn 1 må føre opp tre alternative utdanningsprogram. Alle søkjarar til vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3 må føre opp eitt eller fleire programområde som byggjer på eit utdanningsprogram eller programområde dei har gjennomført.
Søkjarar som har rett til opplæring i og på norsk teiknspråk etter opplæringslova § 6-3, må i søknaden opplyse om dei prioriterer inntak til ordinær vidaregåande skole med opplæring ved hjelp av teiknspråktolk eller inntak til vidaregåande skole som har opplæring i og på norsk teiknspråk. Søkjarar som ønskjer opplæring på vidaregåande skole som har opplæring i og på teiknspråk, kan ikkje føre opp andre utdanningsprogram eller programområde i søknaden enn dei tilboda som desse skolane gir, eller dei tilboda som desse skolane gir i samarbeid med andre vidaregåande skolar.