Opplæringsforskrifta
§ 4-8 Kvar søknaden om inntak skal sendast
Søkjarar skal sende søknaden til den fylkeskommunen der dei er folkeregistrerte når søknaden blir send. Dette gjeld også for dei som søkjer om inntak til ein skole som gir opplæring i og på norsk teiknspråk som ligg i eit anna fylke.
Søkjarar som kan dokumentere at dei skal flytte, skal likevel sende søknaden til den fylkeskommunen dei skal flytte til.
Dei som ønskjer inntak til ein skole som ligg i eit anna fylke, jf. opplæringslova § 28-2 tredje ledd, skal sende søknaden til fylkeskommunen der skolen ligg. Det same gjeld søknad til landslinjer.