Opplæringsforskrifta
§ 4-14 Rekkjefølgja ved inntak til vidaregåande trinn 1 til trinn 3
Fylkeskommunen skal ta inn søkjarar med rett til vidaregåande opplæring som er folkeregistrerte i fylkeskommunen, også dei som er nemnde i § 4-8 andre ledd, i denne rekkjefølgja:
- dei som har fortrinnsrett etter § 4-21 til § 4-23 og § 4-27 til § 4-28
- dei som konkurrerer på poeng etter § 4-19 og § 4-25, og dei som skal behandlast individuelt etter § 4-20 og § 4-26.
Søkjarar til eit fullstendig utdanningsprogram eller programområde skal takast inn før andre søkjarar.
Dersom det er ledig kapasitet, skal fylkeskommunen deretter ta inn søkjarar frå andre fylke som har rett til opplæring etter opplæringslova § 5-1. Fylkeskommunen skal først ta inn dei som kan dokumentere at det er særlege pedagogiske eller sosiale grunnar til at dei bør gå på skole i eit anna fylke, og dei som har rett til opplæring i eller på samisk og må gå på skole i eit anna fylke for å få denne opplæringa. Fylkeskommunen skal deretter ta inn andre søkjarar som konkurrerer på poeng. Andre ledd gjeld tilsvarande.