Opplæringsforskrifta
§ 4-15 Rekkjefølgja ved inntak til statlege skolar
Kvar søkjaren er folkeregistrert, har ingenting å seie for rekkjefølgja ved inntaket til desse skolane:
- Samisk videregående skole i Karasjok, Sámi joatkkaskuvla Kárášjogas
- Samisk videregående skole og reindriftsskole i Kautokeino, Sámi joatkkaskuvla ja boazodoalloskuvla, Guovdageaidnu
- statens skolar med utdanningsprogram for naturbruk.
Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er plassar ved dei vidaregåande statlege skolane i Karasjok og Kautokeino, har samiske søkjarar fortrinnsrett. Søkjarar som berre kan få oppfylt fagønska sine ved dei statlege vidaregåande skolane i Karasjok og Kautokeino, går elles føre søkjarar som kan få oppfylt fagønska sine ved ein annan skole.