Opplæringsforskrifta
§ 4-19 Poengutrekning ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 1
I utrekninga av poengsum skal alle standpunktkarakterar og eksamenskarakterar i faga frå grunnskolen leggjast til grunn, på denne måten:
- Kvar av talkarakterane frå grunnskolen skal telje med sine respektive talverdiar. Samla poengsum for karakterane blir eit utrekna gjennomsnitt, med to desimalar, multiplisert med ti.
- I valfag skal det reknast ut eit gjennomsnitt av dei standpunktkarakterane søkjaren har fått på ungdomstrinnet. Gjennomsnittskarakteren skal førast med to desimalar.
- Dersom det er fastsett i læreplanen i eit fag at sluttvurderingsuttrykket er «deltatt» eller «bestått», eller dersom det i læreplanen i faget ikkje er angitt noko vurderingsuttrykk, skal faget ikkje reknast med.
- Dersom søkjaren har vore fritatt frå opplæring i eit fag etter § 1-11 eller har vore fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-19 til § 9-24, skal faget ikkje reknast med.
- For søkjarar som har «ikkje vurderingsgrunnlag» (IV) eller «ikkje møtt til eksamen» (IM) i eit fag, skal faget vere med i utrekninga med talverdien null.
Poengsummen til søkjarar som har vitnemål frå førebuande opplæring for vaksne etter § 15-26, skal reknast ut etter andre ledd bokstav a. I tillegg gjeld desse reglane:
- Dersom søkjaren har vore fritatt frå opplæring i eit fag etter § 14-4 eller fritatt frå vurdering med karakter etter § 15-15 og § 15-16, skal faget ikkje reknast med.
- Dersom søkjaren har fått godkjent eitt eller fleire fag gjennom ei realkompetansevurdering, skal faget eller faga ikkje reknast med.