Opplæringsforskrifta
§ 4-21 Fortrinnsrett til eit særleg utdanningsprogram ved inntak til vidaregåande trinn 1
Søkjarar som har omfattande behov for individuell tilrettelegging etter opplæringslova kapittel 11 i grunnskolen, har fortrinnsrett ved inntaket til vidaregåande trinn 1 når vilkåra her er oppfylte. Dei har fortrinnsrett dersom dei kan godtgjere at vanskane som ligg til grunn for behovet for individuell tilrettelegging gjer at valet av utdanningsprogram har svært mykje å seie for moglegheita deira til å fullføre vidaregåande opplæring. Søkjarar som sannsynlegvis kan fullføre tre utdanningsprogram, har ikkje fortrinnsrett etter denne paragrafen.
Det skal liggje føre ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta i fylkeskommunen som skal gjere greie for dei vanskane som ligg til grunn for vedtaket om individuell tilrettelegging frå grunnskolen, og dei tiltaka som blei sette inn der. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal også ta stilling til om søkjaren har eit særleg behov for å bli tatt inn til eit særskilt utdanningsprogram, som ikkje kan sikrast ved at søkjaren blir tatt inn til eitt av tre utdanningsprogram. Dei skal vurdere
- om det er sannsynleg at søkjaren har større moglegheit til å fullføre vidaregåande opplæring dersom søkjaren blir tatt inn til eit særskilt utdanningsprogram
- om og eventuelt i kva grad søkjaren har føresetnader og moglegheit for å fullføre andre utdanningsprogram enn det søkjaren har ført opp som førstevalet sitt
- kva behov søkjaren har for særskild tilrettelegging dersom søkjaren blir tatt inn til det særskilde utdanningsprogrammet, samanlikna med kva behov søkjaren har for særskild tilrettelegging på andre utdanningsprogram.
Kommunen skal ikkje seinare enn 1. oktober det året eleven er i ferd med å fullføre grunnskolen, melde eleven til fylkeskommunen for å få ei sakkunnig vurdering etter andre ledd. Meldinga føreset samtykke frå eleven det gjeld. I meldinga skal det siste vedtaket om individuelt tilrettelagd opplæring med sakkunnig vurdering frå grunnskolen liggje ved. Kommunen skal dessutan gjere greie for
- vanskane som ligg til grunn for vedtaket om individuelt tilrettelagd opplæring
- tiltaka som er sette inn i grunnskolen
- kva vanskane vil seie for vidaregåande opplæring, og kvifor kommunen meiner at søkjaren oppfyller vilkåra for inntak til eit særskilt utdanningsprogram.