Opplæringsforskrifta
§ 4-25 Poengutrekning ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3
I utrekninga av poengsum skal alle standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og halvårsvurderingar med karakter i faga på vidaregåande trinn 1 og eventuelt trinn 2 leggjast til grunn, på denne måten:
- Kvar av talkarakterane skal telje med sine respektive talverdiar. Samla poeng for karakterane blir eit utrekna gjennomsnitt, med to desimalar, multiplisert med ti.
- Dersom det er fastsett i læreplanen i eit fag at sluttvurderingsuttrykket er «deltatt» eller «bestått», skal faget ikkje reknast med.
- Dersom søkjaren har vore fritatt frå opplæring i eit fag etter § 5-9 eller § 5-10 eller har vore fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-20, § 9-21, § 9-22 eller § 9-23, skal faget ikkje reknast med.
- Dersom søkjaren har «ikkje vurderingsgrunnlag» (IV) som sluttvurdering eller halvårsvurdering med karakter eller «ikkje møtt til eksamen» (IM) i eit fag, skal faget vere med i utrekninga med talverdien null.
- Dersom søkjaren har tatt fag som privatist, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.
- Dersom søkjaren har gått fleire ulike utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller programområde på trinn 2, som alle dannar grunnlag for inntak på det vidaregåande trinnet, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.