Opplæringsforskrifta
§ 4-26 Individuell behandling ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3
Ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 2 og trinn 3 skal desse søkjarane behandlast individuelt:
- søkjarar som har dokumentasjon utan bokstav- eller talkarakterar, eller som ikkje har samanliknbart karaktergrunnlag
- søkjarar som blir tatt inn etter § 4-13 andre ledd bokstav a og b
- søkjarar som blir tatt inn etter § 4-13 sjette ledd.
Ved inntak av søkjarar som fell inn under bokstav a fordi dei ikkje har bokstav- eller talkarakterar, skal fylkeskommunen rangere søkjarane på grunnlag av fråsegner frå skolane dei kjem frå.