Opplæringsforskrifta
§ 5-1 Læreplanverket og tilbodsstrukturen
Opplæringa skal vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet i tillegg til tilbodsstrukturen, jf. opplæringslova § 5-4 første ledd. Læreplanverket består av Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa, læreplanane i fag og fag- og timefordelinga. Opplæringa i fellesfaga skal vere tilpassa dei ulike utdanningsprogramma.
Fylkeskommunen kan gjennom forskrift leggje fag på andre trinn enn det som er fastsett i fag- og timefordelinga. Den nye fag- og timefordelinga skal vise på kva trinn dei ulike faga skal liggje, og skal samla sett følgje ordinær opplæringstid og sikre progresjon i faga. Fylkeskommunar som gir forskrifter om endra fag- og timefordeling, må også tilby den ordinære fag- og timefordelinga.
Fylkeskommunen kan tilby ein elev å gjennomføre den vidaregåande opplæringa på lengre eller kortare tid enn det som følgjer av fag- og timefordelinga, dersom omsynet til eleven tilseier det. Fylkeskommunen kan i desse tilfella dele faga mellom trinna på ein annan måte enn det som følgjer av fag- og timefordelinga.