Opplæringsforskrifta
§ 5-10 Fritak frå opplæring eller eksamen i kroppsøving
Elevar kan søkje fylkeskommunen om å få fritak frå opplæring i kroppsøving. Dei må leggje fram legeattest om at opplæringa er skadeleg for dei, og at tilpassa opplæring ikkje er mogleg.
Privatistar kan søkje fylkeskommunen om å få fritak frå eksamen i kroppsøving. Dei må leggje fram legeattest om at eksamen er skadeleg for dei, og at særskild tilrettelegging av eksamen ikkje er mogleg.