Opplæringsforskrifta
§ 5-12 Opplæring og eksamen etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg
Elevar kan velje å følgje læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg dersom begge desse vilkåra er oppfylte:
- Elevane har særskild språkopplæring etter opplæringslova § 6-5.
- Elevane har ikkje hatt meir enn fire års opplæring frå og med femte trinn i norsk grunnskole før dei byrjar i vidaregåande opplæring.
Privatistar kan ta eksamen etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg dersom alle desse vilkåra er oppfylte:
- Privatistane har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk eller dansk.
- Privatistane har budd mindre enn sju år i Noreg første gong dei tar denne eksamenen.
- Privatistane har ikkje fått sluttvurdering etter ordinær læreplan i norsk skoleåret 2020-2021 eller seinare.