Opplæringsforskrifta
§ 5-9 Fritak frå skriveopplæring i eitt av dei norske skriftspråka
Elevar er fritatt frå skriveopplæring i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom dei i tillegg til å få opplæring etter ordinær læreplan i norsk oppfyller minst eitt av desse vilkåra:
- Dei får opplæring i samisk som første- eller andrespråk etter opplæringslova § 6-2.
- Dei får opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk.
- Dei får opplæring i norsk teiknspråk etter opplæringslova § 6-3.
- Dei får særskild språkopplæring etter opplæringslova § 6-5.
Dei skal likevel få skriveopplæring i sidemålet sitt dersom dei ønskjer det.