Opplæringsforskrifta
§ 6-10 Godskriving av fag- eller sveineprøve som er bestått etter innføringa av Læreplanverket for Kunnskapsløftet
Bestått fag- eller sveineprøve i fag som byggjer på det same vidaregåande trinn 2 som det aktuelle lærefaget, skal godskrivast med tre år.
Bestått fag- eller sveineprøve i fag som byggjer på eit anna vidaregåande trinn 2 innanfor det same utdanningsprogrammet, skal godskrivast med to år.
Bestått fag- eller sveineprøve i fag innanfor andre utdanningsprogram blir godskriven med opp til 1/2 år dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant for det aktuelle lærefaget.