Opplæringsforskrifta
§ 6-5 Kven godskrivingsreglane gjeld for, og når godskrivingsreglane gjeld
Godskrivingsreglane gjeld godskriving i læretida for lærlingar og lærekandidatar og godskriving av praksis for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.
Godskrivingsreglane gjeld ved
- vurdering av praksis for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb
- godkjenning av kontrakt om læretid som vik av frå det fastsette opplæringsløpet, jf. opplæringslova § 7-2 femte ledd.
Fylkeskommunen gjer vedtak om godskriving. Dei kan ikkje godskrive gjennomgått opplæring og praksis etter § 6-7 til § 6-9 dersom det er gitt godskriving etter § 6-10 eller § 6-11.