Opplæringsforskrifta
§ 6-7 Godskriving av vidaregåande opplæring som er gjennomgått etter innføringa av Læreplanverket for Kunnskapsløftet
Vidaregåande trinn 1 i utdanningsprogrammet for det aktuelle lærefaget skal godskrivast med eitt år. Andre vidaregåande trinn 1 skal godskrivast med 1/4 år. Dersom innhaldet i yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan opplæringa godskrivast med opp til 1/4 år i tillegg.
Vidaregåande trinn 2 for det aktuelle lærefaget skal godskrivast med eitt år. Vidaregåande trinn 2 i same utdanningsprogram som det aktuelle lærefaget skal godskrivast med 1/2 år. Dersom innhaldet i yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan opplæringa godskrivast med opp til 1/4 år i tillegg. Andre vidaregåande trinn 2 blir godskrivne med 1/4 år, og dersom innhaldet i yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan opplæringa godskrivast med opp til 1/4 år i tillegg.
Vidaregåande trinn 3 som har tre år med opplæring i skole, og som deretter har eitt år læretid i bedrift som byggjer på det same vidaregåande trinn 2 som det aktuelle lærefaget, skal godskrivast med 1/2 år. Lærefag som har ei samla opplæringstid på meir enn fire år, skal godskrivast med opp til 1/2 år i tillegg. Vidaregåande trinn 3 som byggjer på eit anna vidaregåande trinn 2, blir ikkje godskrivne.