Opplæringsforskrifta
§ 6-8 Godskriving av vidaregåande opplæring som er gjennomgått før innføringa av Læreplanverket for Kunnskapsløftet
Grunnkurs som kan sidestillast med lærefaget på vidaregåande trinn 1 i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, skal godskrivast med eitt år. Andre grunnkurs skal godskrivast med 1/4 år, men kan godskrivast med opp til 1/4 år i tillegg dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant for lærefaget.
Vidaregåande kurs 1 (VKI) som kan sidestillast med lærefaget på vidaregåande trinn 2 i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, skal godskrivast med eitt år. Andre VKI skal godskrivast med 1/4 år, men kan godskrivast med opp til 1/4 år i tillegg dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant for det aktuelle lærefaget.
Vidaregåande kurs 2 (VKII) innanfor same fagområde som det aktuelle lærefaget skal godskrivast med opp til 1/2 år dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant. Lærefag med ei samla opplæringstid på meir enn fire år kan godskrivast med opp til 1/2 år i tillegg. VKII frå andre fagområde blir ikkje godskrivne.