Opplæringsforskrifta
§ 6-13 Godkjenning av lærebedrifter
Kvar bedrift som skal gi opplæring, må vere godkjend som lærebedrift i det faget opplæringa gjeld. For å få godkjenning må produksjonen til bedrifta leggje til rette for opplæring i samsvar med læreplanen i faget.
Fylkeskommunen der bedrifta ligg og har adresse, avgjer om bedrifta kan godkjennast. Dersom lærebedrifta har avdelingar i fleire fylkeskommunar, er det fylkeskommunen der den aktuelle avdelinga av bedrifta ligg og har adresse, som avgjer om avdelinga kan godkjennast.