Opplæringsforskrifta
§ 6-15 Fylkeskommunalt tilskot til lærebedrifta
Fylkeskommunen der den som har læretid i bedrift, er folkeregistrert, skal betale tilskot for opplæring til lærebedrifta etter retningslinjer og satsar fastsette av departementet. Betalingsplikta gjeld godkjend
- lærekontrakt for lærlingar
- opplæringskontrakt for praksisbrevkandidatar og lærekandidatar
- kontrakt om fagbrev på jobb.
Fylkeskommunen der lærebedrifta ligg, kan krevje å få refundert utgifter knytte til den som har læretid i bedrift, frå fylkeskommunen som skal betale tilskotet.
Dersom den som har læretid i bedrift, byter lærebedrift, skal den fylkeskommunen som utbetaler tilskot, gjere vedtak om korleis tilskotet skal delast mellom lærebedriftene.
Har fylkeskommunen gitt den som har læretid i bedrift, delar av den opplæringa som etter læreplanen skal givast i læretida, skal lærebedrifta ikkje ha basistilskot for denne opplæringa.