Opplæringsforskrifta
§ 6-18 Krav til samarbeidsorgan for lærebedrifter
For å inngå avtale om lærekontrakt eller tilskot etter opplæringslova § 7-2 og § 7-8, eller bistå lærebedrifter med opplæring, må eit opplæringskontor ha godkjenning av fylkeskommunen som må meine at samarbeidsorganet bidrar til å sikre kvaliteten i opplæringa.
For å få godkjenning må samarbeidsorganet ha vedtekter og vere registrert i einingsregisteret. Vedtektene skal som eit minimum ha definert eit relevant formål.
For å få godkjenning må samarbeidsorganet vere vurdert av yrkesopplæringsnemnda som skal ta stilling til om samarbeidsorganet bidrar til å sikre kvaliteten i opplæringa. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda.
Samarbeidsorganet skal ha eit styre med minst éin representant for arbeidsgivarane, minst éin representant for arbeidstakarane og minst éin representant for elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i opplæringsloven § 7-12 andre ledd. Paragrafen er ny.