Opplæringsforskrifta
§ 6-21 Oppnemning av faglege råd
Etter forslag frå SRY avgjer departementet kva for faglege råd som skal nemnast opp, kor mange medlemmer råda skal ha, og kva for fagleg felt kvart råd skal dekkje. Departementet fastset mandat og retningslinjer for dei faglege råda. Utdanningsdirektoratet er sekretariat for råda.
Dei faglege råda som er knytte til særskilde samiske fag, skal ha samisk representasjon. Sametinget nemner opp det talet på representantar som departementet fastset.