Opplæringsforskrifta
§ 6-22 Samansetjing av yrkesopplæringsnemnder og yrkesutval
Yrkesopplæringsnemndene som er nemnde opp nemnt etter opplæringslova § 8-2 første ledd, skal ha medlemmer med personlege varamedlemmer. Medlemmene skal til saman ha brei innsikt i heile fag- og yrkesopplæringa og i nærings- og sysselsetjingsspørsmål.
Det skal nemnast opp medlemmer frå partane i arbeidslivet etter forslag frå arbeidstakarorganisasjonane og arbeidsgivarorganisasjonane. Kvar organisasjon som er med i SRY, har rett til å vere representert i nemnda. Partane i arbeidslivet skal ha fleirtal. Det skal nemnast opp minst éin representant for elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar etter forslag frå organisasjonar eller organ som representerer dei. Fylkeskommunen kan be lærarorganisasjonane om å komme med forslag til nemndmedlemmer.
Yrkesopplæringsnemnda vel sjølv leiar og nestleiar. Funksjonstida til nemnda er den same som for fylkestinget. Representantane for elevane, lærlingane, praksisbrevkandidatane og lærekandidatane blir nemnde opp for to år om gongen.
Yrkesopplæringsnemnda skal nemne opp eit rådgivande yrkesutval for kvart av faga eller fagområda, eller bruke prøvenemnda som yrkesutval.
Kommuneloven § 7-2 tredje ledd gjeld ikkje for oppnemning av medlemmer til yrkesopplæringsnemnda.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i opplæringsloven § 8‑2. Paragrafen viderefører § 12‑3 i den tidligere opplæringsloven.
Paragrafen fastsetter hvordan yrkesopplæringsnemnder skal være sammensatt. Den regulerer også at yrkesopplæringsnemnda skal oppnevne rådgivende yrkesutvalg.