Opplæringsforskrifta
§ 6-23 Oppgåvene til yrkesopplæringsnemnda
Yrkesopplæringsnemnda skal arbeide for å heve kvaliteten på heile fag- og yrkesopplæringa og fremje behov og synsmåtar i arbeidslivet overfor fylkeskommunane.
Yrkesopplæringsnemnda skal uttale seg i saker som fylkeskommunen etter opplæringslova § 7-5, § 7-9 og § 8-2 har plikt til å leggje fram for nemnda.
Yrkesopplæringsnemnda skal særleg
- arbeide for best mogleg dimensjonering av den vidaregåande opplæringa og gi fylkeskommunen råd om fastsetjinga av tilbod.
- fremje forslag om organisering, arbeidsmåtar og strategiar for å utvikle kvaliteten på fag- og yrkesopplæringa, mellom anna om rutinane i fylkeskommunen og vurdere korleis partane i arbeidslivet skal bidra til kvalitetsutvikling og kvalitetssikring i fag- og yrkesopplæringa
- vurdere korleis samhandlinga mellom skolar og lærebedrifter kan bli betre
- vurdere korleis kompetanseutvikling kan sikrast
- gi råd om korleis utviklinga av fag- og yrkesopplæringa og samhandling mellom skolar og bedrifter kan medverke til regional utvikling, mellom anna utvikling av nye verksemder og arbeidsplassar
- arbeide for at rådgivinga om fag- og yrkesopplæring blir best mogleg, og foreslå tiltak der ho finn det nødvendig.
Yrkesopplæringsnemnda kan gi fylkeskommunen fullmakt til å gjere den faglege vurderinga av bedrifter eller til å utføre andre oppgåver som etter lov eller forskrift er lagde til yrkesopplæringsnemnda.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i opplæringsloven § 8‑2. Paragrafen viderefører delvis § 12‑4 i den tidligere opplæringsloven med noen språklige og strukturelle endringer.
Paragrafen fastsetter oppgavene til yrkesopplæringsnemndene.