Opplæringsforskrifta
§ 6-24 Samansetjing av læreplangrupper
Læreplangrupper som er nemnde opp etter opplæringslova § 8-1 tredje ledd, skal ha representantar frå både arbeidslivet og skolesektoren. Representantane skal ta del i arbeidet med å utvikle læreplanar.
Departementet fastset kva kvalifikasjonar medlemmene av læreplangruppene skal ha, og korleis gruppene skal vere samansette. Dei faglege råda skal foreslå medlemmer til læreplangruppene.