Opplæringsforskrifta
§ 8-3 Oppgåvene til oppfølgingstenesta
Fylkeskommunen skal gjennom oppfølgingstenesta
- ha fortløpande oversikt over alle i målgruppa for oppfølgingstenesta og aktuelle tilbod til desse
- gi skriftleg informasjon til alle i målgruppa om kva rettar dei har
- etablere kontakt med kvar enkelt ungdom i målgruppa med sikte på rettleiing og oppfølging
- etter behov følgje opp ungdommar som tar imot tilbod gjennom oppfølgingstenesta, med rettleiingssamtalar.
Foreldra til ungdommar som ikkje er myndige, skal ha same informasjon etter første ledd bokstav b med mindre informasjonen er underlagd teieplikt etter anna lovgiving.