Opplæringsforskrifta
§ 18-6 Avgrensingar i forsikringsdekninga
Forsikringa kan vere avgrensa til ikkje å dekkje ulykkesskade som kjem av
- forgifting gjennom mat, drikke eller nytingsmiddel
- infeksjon forårsaka av stikk eller bit av insekt eller liknande, som malaria, flekktyfus eller borreliose
- smitte gjennom bakteriar, til dømes E. coli eller salmonella, eller gjennom virus eller anna smittekjelde.
- psykiske skadar, som sjokkliding, depresjon og angst, med mindre det til same tid har oppstått fysisk skade som gir livsvarig medisinsk invaliditet.