Opplæringsforskrifta
§ 19-1 Rapportering frå kommunen til Utdanningsdirektoratet
Kommunen skal gi Utdanningsdirektoratet følgjande opplysningar om grunnskoleopplæring, den førebuande opplæringa for vaksne, kulturskoletilbodet, skolefritidsordninga, leksehjelptilbod og den pedagogisk-psykologiske tenesta:
- opplysningar om skolen, mellom anna om kva skriftspråk som er hovudmål på skolen, opplæringsstad og skoleskyss
- opplysningar om barn og unge i opplæringspliktig alder, vaksne deltakarar og dei som deltek i eller er søkjarar til kulturskoletilbod
- opplysningar om tilsette, kompetanse og ressursar
- opplysningar om fagval og organiseringa av opplæringa for ulike elev- og deltakargrupper
- opplysningar om skolepengar, foreldrebetaling og moderasjonsordningar.
Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar etter første ledd som indirekte kan knytast til barn og unge i opplæringspliktig alder, vaksne deltakarar og dei som deltek i eller er søkjarar til kulturskoletilbod, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når dette er nødvendig for formål som er omtalte i opplæringslova § 25-4. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.