Opplæringsforskrifta
§ 19-3 Nasjonale undersøkingar om skole- og læringsmiljøet til elevane
På oppdrag frå departementet utarbeider Utdanningsdirektoratet nasjonale undersøkingar om skole- og læringsmiljøet til elevane. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at undersøkingane blir gjennomførte og følgde opp lokalt. Utdanningsdirektoratet kan godkjenne lokale tilleggsspørsmål frå kommunen og fylkeskommunen. Det skal vere frivillig for elevane å delta i slike undersøkingar.
Det som står i første ledd andre, tredje og fjerde punktum, gjeld også for private skolar godkjende etter opplæringslova § 22-1. Det øvste organet ved skolane skal sørgje for at undersøkingane blir gjennomførte og følgde opp lokalt, jf. opplæringslova § 22-2.
Dei endelege resultata frå undersøkingane skal ikkje innehalde direkte identifiserbare personopplysningar.
Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å gjennomføre undersøkingane. Utdanningsdirektoratet kan også behandle endelege resultat som indirekte kan knytast til enkeltpersonar, når det er nødvendig for å kartleggje skole- og læringsmiljøet til elevane, jf. opplæringslova § 25-4. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.