Opplæringsforskrifta
§ 19-4 Nasjonale undersøkingar om arbeids- og læringsmiljøet til lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar
På oppdrag frå departementet utarbeider Utdanningsdirektoratet nasjonale undersøkingar om arbeids- og læringsmiljøet til lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar. Fylkeskommunen skal sørgje for at undersøkingane blir gjennomførte og følgde opp lokalt. Utdanningsdirektoratet kan godkjenne lokale tilleggsspørsmål frå fylkeskommunen. Det skal vere frivillig for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar å delta i slike undersøkingar.
Dei endelege resultata frå undersøkingane skal ikkje innehalde direkte identifiserbare personopplysningar.
Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å gjennomføre undersøkingane. Utdanningsdirektoratet kan også behandle endelege resultat som indirekte kan knytast til enkeltpersonar, når det er nødvendig for å kartleggje arbeids- og læringsmiljøet til lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar, jf. opplæringslova § 25-4. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.