Opplæringsforskrifta
§ 19-6 Kartlegging
På oppdrag frå departementet utarbeider Utdanningsdirektoratet kartleggingar som skal gi kunnskap om kven som treng ekstra oppfølging i enkelte fag og ferdigheiter. Det er obligatorisk for elevane å delta i slike kartleggingar.
Kommunen skal sørgje for at kartleggingar etter første ledd blir gjennomførte. For private skolar som er godkjende etter opplæringslova § 22-1, ligg ansvaret for at kartleggingane blir gjennomførte, til det øvste organet på skolane, jf. opplæringslova § 22-2 tredje ledd.
På oppdrag frå departementet skal Utdanningsdirektoratet i tillegg utarbeide frivillige kartleggingsprøver og anna kartleggingsverktøy.
Utdanningsdirektoratet kan på visse vilkår behandle personopplysningar om deltaking i kartleggingane og personopplysningar knytte til resultata av kartleggingane. Vilkåra er at opplysningane blir brukte til
- vidareutvikling av kartleggingsverktøy
- drift av eit digitalt system for gjennomføring av kartleggingane
- forsking, analyse og statistikk.
Utdanningsdirektoratet kan levere ut prøveresultata for kvar enkelt elev til skolen eleven går på.