Opplæringsforskrifta
§ 20-3 Innhenting av opplysningar ved skolebyte
Så langt det er nødvendig til formål som nemnde i opplæringslova § 25-1 andre ledd, kan skolar hente inn følgjande opplysningar om elevar og vaksne deltakarar i samband med skolebyte eller byte av opplæringsstad:
- opplysningar om tidlegare gjennomført opplæring
- karakterar som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis
- opplysningar om fråvær som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis
- kartlegging av elevar med rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-5 og § 6-5 eller etter privatskolelova § 3-5.
Ein skole kan dele dei opplysningane frå vedtak om skolebyte etter opplæringslova § 13-2 som den nye skolen treng for å kunne vareta eleven som blir flytta, og andre elevar på skolen.