Opplæringsforskrifta
§ 22-2 Vilkår for refusjon av vertsfylket sine utgifter til gjesteelevar og storleiken på refusjonsbeløpet
Vertsfylket kan krevje at heimfylket refunderer utgiftene til gjesteelevar som har rett til opplæring etter opplæringslova § 5-1.
Dersom gjesteelevar får individuelt tilrettelagd opplæring, fastset heimfylket omfanget av den individuelt tilrettelagde opplæringa etter ei sakkunnig vurdering innhenta frå vertsfylket. Heimfylket fastset også omfanget av personleg assistanse og fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel.
For gjesteelevar som ikkje får individuell tilrettelegging etter opplæringslova kapittel 11, skal fylkeskommunen bruke utrekningsnøkkelen i vedlegg 1 til å rekne ut refusjonen.
Reglane om refusjon i denne paragrafen gjeld ikkje elevar som er omfatta av landslinjeordninga, og dei som er særskilt nemnde i opplæringslova § 28-3, § 28-4 og § 28-5.